Preview

This is a sneak peek of the book. Buy the book to continue reading.

Musikkfaget i spel. Fagpolitiske, fagdidaktiske og historiske perspektiv

By Signe Kalsnes og Magne I. Espeland

FĂžreord

Denne boka er ikkje ei bok om ‘spel’ i vanleg forstand. Den handlar verken om musikkutĂžving, tap eller vinning, sigrar eller nederlag, men om eit skolefag, musikkfaget, der song og spel i ulike former er sjĂžlve kjernen i faget. Det er likevel ikkje den slags ‘spel’ vi i fĂžrste rekkje skriv om. NĂ„r vi brukar uttrykket ‘i spel’, sĂ„ er det for Ă„ understreka dei dynamiske og strategiske sidene ved eit skolefag si utvikling og framvekst.

Det dynamiske fordi boka handlar om korleis eit skolefag si utvikling heng saman med utviklinga i eit samfunn i endring, og dei fagfelt som lever og utviklar seg der.

Det strategiske fordi eit fag si utvikling ogsÄ heng sÄ tydeleg saman med handlingane og meiningane til dei personar, institusjonar og myndigheiter som utviklar og drÞftar og tek avgjerder.

Dermed blir slik utvikling ogsÄ eit spel mellom det politiske, det fagpolitiske og det faglege. I vÄrt tilfelle handlar det som sagt om kva som er i spel rundt framveksten av musikk som skolefag, eit fagfelt med ei lang historie i det norske samfunnet, men som likevel ikkje blei eit fullverdig skolefag med namnet musikk fÞr i 1960.

Vi har prĂžvd Ă„ skriva ei forskings- og erfaringsbasert bok om dette faget si utvikling og rolle i det norske utdanningsprosjektet vi kallar ‘skole’. Det forskingsbaserte knyter seg til arbeidsmĂ„ten vĂ„r i form av systematisk kjeldegransking, og bruk av litteratur i trĂ„d med etablerte forskingssjangrar. Vi har begge lang erfaring med ulike former for fagpolitisk og fagdidaktisk arbeid som dermed blir ei side ved ei forskingsbasert bok der ogsĂ„ det erfaringsbaserte og narrative fĂ„r ein viktig plass.

Likevel kan vi ikkje garantera at alt vi skriv er sant. Sanning i denne samanhengen heng tett saman med vÄrt syn pÄ kva kunnskap er. Den indiske filosofen og professoren Joseph Kaipayil (2009) reflekterer over forholdet mellom sanning og kunnskap i boka Relationalism: A Theory of Being. Basert bÄde pÄ vestleg og asiatisk filosofi, hevdar han at (ibid., s. 45, vÄr omsetjing):

(
) kunnskap er relasjonell i sin sanningsdimensjon. Sanning tilhÞyrer tru, for sanning er akseptering av ei tru som faktisk gjeld for saka eller synspunktet. (
) Det er mogeleg Ä ha fleire truer om same sak; kvar av desse truene kan vÊre sanne, under fÞresetnad av at pÄstanden grunngjev fakta om saka. Men problemet er korleis vi kan vite faktaene om ei sak for Ä avgjere om ei tru relaterer seg til det faktum den refererer til. FÞrst og fremst bÞr vi innrÞmme at det verkelege er komplekst, og at det verkelege er meir enn vi klarer Ä beskrive. For det andre treng vi Ä akseptere at alt vi beskriv eller trur, faktisk er ei tolking av saka som blir vurdert, og derfor ei avgrensa framstilling av den spesielle saka. For det tredje er det viktig Ä anerkjenne poly-alethisme1, som inneber at sanninga om ei sak kan vere mangfaldig.

Dette er synspunkt som vi kan slutte oss til. Vi meiner med andre ord ikkje at forskingsbasert kunnskap er overordna andre former for kunnskap, for eksempel erfaringsbasert kunnskap. Slik vi ser det, er det fĂžrst nĂ„r ein erkjenner at god kunnskap om noko er basert bĂ„de pĂ„ erfaring, tru og overtyding, og pĂ„ systematisk forsking med hĂžg kvalitet og etisk standard, at ein kan nĂŠrme seg et sĂ„ omstridt omgrep som ‘sanning’

FrÄ arbeidet vÄrt som lÊrarar og forskarar i musikklÊrarutdanning, veit vi at i kvalitativ forsking er truverd nÊrt knytt til forskingsprosessen som ligg bak forskingsbasert kunnskap, t.d. gjennom bruk av triangulering og kritiske vener.

Vi kan trygt skriva under pÄ bruken av det sistnemnde gjennom vÄre tallause drÞftingar av synspunkt pÄ hendingar vi har opplevd og lese om, og kjelder vi har undersÞkt. Vi har kanskje ogsÄ drive med ei form for triangulering ved at vi, kvar for oss, bÄde er utdanna, og har arbeidd, innanfor dei tre store tradisjonane som har dominert det musikkpedagogiske fagfeltet i Norge. Signe, gjennom si utdanning frÄ konservatorie-tradisjonen (Østlandets musikkonservatorium) og undervisning ved Bergen musikkonservatorium (Griegakademiet), Østlandets musikkonservatorium og Norges musikkhÞgskole. Magne, gjennom si utdanning frÄ seminarietradisjonen (musikklinja ved Bergen lÊrarskule), og universitetstradisjonen (Musikkvitskapeleg institutt ved Universitetet i Trondheim), og arbeid ved det som i dag er HÞgskulen pÄ Vestlandet.

SjĂžlv om vĂ„re skilnader i bakgrunn og arbeidsplassar verken er metode- eller kjeldetriangulering i vitskapleg forstand, vil vi likevel hevda at vĂ„re to ulike bakgrunnar har noko med truverd Ă„ gjera nĂ„r ein kjem fram til felles oppfatningar om ei sak, eller som Kaipayil (2009) formulerer det i sitatet ovanfor: ‘tolking av saka’. Vi vel difor Ă„ gjere eit forsĂžk pĂ„ Ă„ nĂŠrma oss ‘sanninga’ med Ă„ hevde at vi har skrive ei forskings- og erfaringsbasert bok som i sine synspunkt og refleksjonar, strevar etter Ă„ finne det vi kanskje kan kalle ei samling med ‘sanningar’, i alle fall for oss.

I ei slik bok er eit historisk blikk like viktig som Ă„ forstĂ„ og vurdera kva som skjer i samtida. Men kvaliteten i det historiske blikket vĂ„rt er fĂžrst og fremst knytt til det vi sjĂžlve har opplevd. Vi har difor funne det rett Ă„ framstille noko av kunnskapen vĂ„r i form av ‘narrativ’ eller forteljingar, der det personlege er ein viktig del av kunnskapsproduksjonen og formidlinga. Dette ligg nĂŠr ei autoetnografisk tilnĂŠrming som kritiserer idĂ©en om at forskinga kan resultera i objektive og uavhengige sanningar (Riese, 2016), og der forskaren sine eigne erfaringar utgjer ei kjerne. BĂ„de vi og Baarts (2015) vil hevda at autoetnografiske tekstar kan utformast pĂ„ mange mĂ„tar – frĂ„ poetiske og personlege essays til meir tradisjonelle akademiske tekstar, slik vĂ„re narrativ i denne boka er dĂžme pĂ„.

Vi har ogsÄ lagt stor vekt pÄ Ä bruke ei blanding av eldre og nyare litteratur som sanningsvitne i det vi beskriv og vurderer, rett og slett fordi vi meiner at avstand i tid frÄ noko skjer til noko blir skrive, er avgjerande for sanningsprosenten i det vi skriv om.

Boka bestĂ„r av fem kapittel. I det fĂžrste kapittelet Skolefaget musikk - forma av fagleg idealisme eller politisk styring, undersĂžkjer og reflekterer vi over utviklinga av musikkfaget i norsk skole frĂ„ 1990-tallsreformene og fram til i dag. Hovudfokuset i teksten er knytt til balansen, eller mangel pĂ„ balanse, mellom fagleg idealisme og politisk styring i utviklinga av skolefaget musikk i grunnskolen. Viktige tema er her innfĂžringa av mĂ„lstyring og ein nyliberalistisk utdanningsfilosofi. I dette kapittelet er teksten Narrativ I i hovudsak ei omsetjing til nynorsk av den engelsksprĂ„klege artikkelen ‘Once upon a time there was a minister: An unfinished story about reform in Norwegian arts education’ (Espeland, 1997).

I kapittel 2, Musikkfaget i norsk skole – historiske og fagdidaktiske perspektiv, undersĂžkjer og reflekterer vi over utviklinga og framveksten av musikk- og songopplĂŠring i det norske samfunnet med vekt pĂ„ grunnskolen – i tida frĂ„ latinskolen og fram til i dag. I analysen vĂ„r utgjer Frede V. Nielsens klassiske teori om ulike fagfokus i form av ulike ‘musikkfag’ eller ‘posisjonar’ ein viktig bakgrunn for analysen og drĂžftinga vĂ„r (Nielsen, 1998). Dette kapittelet er ei fornying og vidareutvikling av ein tidlegare publisert artikkel ‘Musikkfaget i grunnskolen - fra salmesang til musikkopplevelse som eksistensiell erfaring’ (Kalsnes, 2017).

I kapittel 3, Musikkfaget mellom kunst, pedagogikk og politikk, ser vi nÊrare pÄ forholdet mellom musikk i grunnskolen og andre lÊrings- og formidlingsomrÄde. Kapittelet har fire delar. I fÞrste del ser vi pÄ politiske strategiar og satsingar lansert frÄ Storting, regjeringar og underliggjande organ for Ä styrke musikk og dei andre praktiske og estetiske faga.

I andre del drĂžftar vi utviklinga av kulturskolen i lys av problemstillingar knytt til samarbeid mellom grunnskole og kulturskole. I del 3 skriv vi om Den kulturelle skolesekken (DKS) og drĂžftar samarbeidsproblematikk mellom skolen og kultursektoren knytt til denne ordninga. I dette kapitelet fĂ„r vi ogsĂ„ eit blikk inn i dei indre politiske gemakkane gjennom Narrativ III, skriven av tidlegare seniorrĂ„dgivar i Kunnskapsdepartementet, Arnhild Hegtun, som var tett pĂ„ dei politiske prosessane rundt oppstarten og den tidlege utviklinga av DKS. I den fjerde og avsluttande delen drĂžftar vi (Landslaget) Musikk i skolen og dei kunstpedagogiske organisasjonane sine roller som pĂ„drivarar for dei estetiske faga. Narrativ IV i denne delen er henta frĂ„ ein tidlegare publisert artikkel: ‘«Den som i dag utdanner seg til musikklĂŠrer mĂ„ samtidig skolere seg som fagpolitiker» – om profesjonsutĂžvelse i spennet mellom fag, pedagogikk og politikk’ (Kalsnes, 2021a).

I kapittel 4, LĂŠrarutdanning og lĂŠrarkompetanse i musikkfaget, beskriv og drĂžftar vi ei rekkje ulike dilemma for lĂŠrarutdanning av musikklĂŠrarar. Slike dilemma er for eksempel forholdet mellom det obligatoriske og det valbare i grunnskolelĂŠrarutdanninga, og forholdet mellom Ăžnskt musikkfagleg nivĂ„ og innrettinga mot bestemte yrkesfelt. Kapittelet tek ogsĂ„ for seg spĂžrsmĂ„let om lĂŠrarkompetanse i musikk, og drĂžftar kompetanseutviklinga for musikkfaget i grunnskolen i lys av lĂŠrarutdanningsreformer og skolepolitikk. Narrativ V i dette kapittelet er henta frĂ„ ein tidlegare publisert artikkel: ‘«Den som i dag utdanner seg til musikklĂŠrer mĂ„ samtidig skolere seg som fagpolitiker» – om profesjonsutĂžvelse i spennet mellom fag, pedagogikk og politikk’ (Kalsnes, 2021a).

I kapittel 5 Framtidsperspektiv - eit berekraftig musikkfag?drÞftar vi synspunkt som har prega, og pregar, debattar om musikkfaget i Norge. Desse debattane blir drÞfta i lys av det vi kallar to kritiske spor, fagintern kritikk og fagekstern kritikk. Teksten drÞftar ogsÄ i kva grad musikkfaget kan ha ei viktig rolle i framtidas skole i offentleg opplÊring, og korleis dette faget kan forhalda seg til ei utvida forstÄing av kva som er berekraftig utvikling. Vi skisserer deretter seks drÞftingsomrÄde som er spesielt viktige...

End of preview

This is a sneak peek of the book. Buy the book to continue reading.

  • Continue reading the full book
  • Ask questions and explore concepts with AI chat
  • Your progress is saved across devices
Back to details