Portrett av Musikkfaget i spel. Fagpolitiske, fagdidaktiske og historiske perspektiv

Musikkfaget i spel. Fagpolitiske, fagdidaktiske og historiske perspektiv

Av Signe Kalsnes og Magne I. Espeland

Har du tenkt på kva som ligg bak utviklinga og etableringa av eit skolefag? Musikkfaget i spel. Fagpolitiske, fagdidaktiske og historiske perspektiv, er ei annleis og spennande vinkla fagbok. Både Kalsnes og Espeland er erfarne og allsidige skribentar med lang erfaring frå fagpolitisk og fagdidaktisk arbeid. Dei presenterer fagstoffet både med eit historisk blikk og synspunkt på musikkfaget i samtida. Dei fem kapitla i boka omhandlar følgjande tema: KAPITTEL 1: Skolefaget musikk – forma av fagleg idealisme eller politisk styring? KAPITTEL 2: Musikkfaget i norsk skole – historiske og fagdidaktiske perspektiv KAPITTEL 3: Musikkfaget mellom kunst, pedagogikk og politikk KAPITTEL 4: Lærarutdanning og lærarkompetanse i musikkfaget KAPITTEL 5: Framtidsperspektiv - eit berekraftig musikkfag? Boka gir mange innblikk i både dei faglege, fag-og skolepolitiske prosessane som ligg bak utforminga av læreplanar og praksis i eit skolefag frå langt tilbake i tid, men med hovudvekt på utviklinga frå 1990 talet og fram til i dag. Boka tar også lesarane med inn i ei verd som dei færraste kjenner til gjennom erfaringsbaserte narrativ som viser det fagpolitiske arbeidet bak kulissane der avgjerdene blir tekne.

Nedlastinger

  • Meld St 34 (2023-2024) En mer praktisk skole.pdf
  • St.18, (2020-21) Oppleve, Skape, dele.docx
  • Solli, Fink og Aksdal (2025)- Hvor ble det av kjernelementet.pdf

549,- /år

Forhåndsvis