Forhåndsvisning

Dette er en smakebit av boken. Kjøp boken for å lese videre.

Musikkfaget i spel. Fagpolitiske, fagdidaktiske og historiske perspektiv

Av Signe Kalsnes og Magne I. Espeland

Føreord

Denne boka er ikkje ei bok om ‘spel’ i vanleg forstand. Den handlar verken om musikkutøving, tap eller vinning, sigrar eller nederlag, men om eit skolefag, musikkfaget, der song og spel i ulike former er sjølve kjernen i faget. Det er likevel ikkje den slags ‘spel’ vi i første rekkje skriv om. Når vi brukar uttrykket ‘i spel’, så er det for å understreka dei dynamiske og strategiske sidene ved eit skolefag si utvikling og framvekst.

Det dynamiske fordi boka handlar om korleis eit skolefag si utvikling heng saman med utviklinga i eit samfunn i endring, og dei fagfelt som lever og utviklar seg der.

Det strategiske fordi eit fag si utvikling også heng så tydeleg saman med handlingane og meiningane til dei personar, institusjonar og myndigheiter som utviklar og drøftar og tek avgjerder.

Dermed blir slik utvikling også eit spel mellom det politiske, det fagpolitiske og det faglege. I vårt tilfelle handlar det som sagt om kva som er i spel rundt framveksten av musikk som skolefag, eit fagfelt med ei lang historie i det norske samfunnet, men som likevel ikkje blei eit fullverdig skolefag med namnet musikk før i 1960.

Vi har prøvd å skriva ei forskings- og erfaringsbasert bok om dette faget si utvikling og rolle i det norske utdanningsprosjektet vi kallar ‘skole’. Det forskingsbaserte knyter seg til arbeidsmåten vår i form av systematisk kjeldegransking, og bruk av litteratur i tråd med etablerte forskingssjangrar. Vi har begge lang erfaring med ulike former for fagpolitisk og fagdidaktisk arbeid som dermed blir ei side ved ei forskingsbasert bok der også det erfaringsbaserte og narrative får ein viktig plass.

Likevel kan vi ikkje garantera at alt vi skriv er sant. Sanning i denne samanhengen heng tett saman med vårt syn på kva kunnskap er. Den indiske filosofen og professoren Joseph Kaipayil (2009) reflekterer over forholdet mellom sanning og kunnskap i boka Relationalism: A Theory of Being. Basert både på vestleg og asiatisk filosofi, hevdar han at (ibid., s. 45, vår omsetjing):

(…) kunnskap er relasjonell i sin sanningsdimensjon. Sanning tilhøyrer tru, for sanning er akseptering av ei tru som faktisk gjeld for saka eller synspunktet. (…) Det er mogeleg å ha fleire truer om same sak; kvar av desse truene kan være sanne, under føresetnad av at påstanden grunngjev fakta om saka. Men problemet er korleis vi kan vite faktaene om ei sak for å avgjere om ei tru relaterer seg til det faktum den refererer til. Først og fremst bør vi innrømme at det verkelege er komplekst, og at det verkelege er meir enn vi klarer å beskrive. For det andre treng vi å akseptere at alt vi beskriv eller trur, faktisk er ei tolking av saka som blir vurdert, og derfor ei avgrensa framstilling av den spesielle saka. For det tredje er det viktig å anerkjenne poly-alethisme1, som inneber at sanninga om ei sak kan vere mangfaldig.

Dette er synspunkt som vi kan slutte oss til. Vi meiner med andre ord ikkje at forskingsbasert kunnskap er overordna andre former for kunnskap, for eksempel erfaringsbasert kunnskap. Slik vi ser det, er det først når ein erkjenner at god kunnskap om noko er basert både på erfaring, tru og overtyding, og på systematisk forsking med høg kvalitet og etisk standard, at ein kan nærme seg et så omstridt omgrep som ‘sanning’

Frå arbeidet vårt som lærarar og forskarar i musikklærarutdanning, veit vi at i kvalitativ forsking er truverd nært knytt til forskingsprosessen som ligg bak forskingsbasert kunnskap, t.d. gjennom bruk av triangulering og kritiske vener.

Vi kan trygt skriva under på bruken av det sistnemnde gjennom våre tallause drøftingar av synspunkt på hendingar vi har opplevd og lese om, og kjelder vi har undersøkt. Vi har kanskje også drive med ei form for triangulering ved at vi, kvar for oss, både er utdanna, og har arbeidd, innanfor dei tre store tradisjonane som har dominert det musikkpedagogiske fagfeltet i Norge. Signe, gjennom si utdanning frå konservatorie-tradisjonen (Østlandets musikkonservatorium) og undervisning ved Bergen musikkonservatorium (Griegakademiet), Østlandets musikkonservatorium og Norges musikkhøgskole. Magne, gjennom si utdanning frå seminarietradisjonen (musikklinja ved Bergen lærarskule), og universitetstradisjonen (Musikkvitskapeleg institutt ved Universitetet i Trondheim), og arbeid ved det som i dag er Høgskulen på Vestlandet.

Sjølv om våre skilnader i bakgrunn og arbeidsplassar verken er metode- eller kjeldetriangulering i vitskapleg forstand, vil vi likevel hevda at våre to ulike bakgrunnar har noko med truverd å gjera når ein kjem fram til felles oppfatningar om ei sak, eller som Kaipayil (2009) formulerer det i sitatet ovanfor: ‘tolking av saka’. Vi vel difor å gjere eit forsøk på å nærma oss ‘sanninga’ med å hevde at vi har skrive ei forskings- og erfaringsbasert bok som i sine synspunkt og refleksjonar, strevar etter å finne det vi kanskje kan kalle ei samling med ‘sanningar’, i alle fall for oss.

I ei slik bok er eit historisk blikk like viktig som å forstå og vurdera kva som skjer i samtida. Men kvaliteten i det historiske blikket vårt er først og fremst knytt til det vi sjølve har opplevd. Vi har difor funne det rett å framstille noko av kunnskapen vår i form av ‘narrativ’ eller forteljingar, der det personlege er ein viktig del av kunnskapsproduksjonen og formidlinga. Dette ligg nær ei autoetnografisk tilnærming som kritiserer idéen om at forskinga kan resultera i objektive og uavhengige sanningar (Riese, 2016), og der forskaren sine eigne erfaringar utgjer ei kjerne. Både vi og Baarts (2015) vil hevda at autoetnografiske tekstar kan utformast på mange måtar – frå poetiske og personlege essays til meir tradisjonelle akademiske tekstar, slik våre narrativ i denne boka er døme på.

Vi har også lagt stor vekt på å bruke ei blanding av eldre og nyare litteratur som sanningsvitne i det vi beskriv og vurderer, rett og slett fordi vi meiner at avstand i tid frå noko skjer til noko blir skrive, er avgjerande for sanningsprosenten i det vi skriv om.

Boka består av fem kapittel. I det første kapittelet Skolefaget musikk - forma av fagleg idealisme eller politisk styring, undersøkjer og reflekterer vi over utviklinga av musikkfaget i norsk skole frå 1990-tallsreformene og fram til i dag. Hovudfokuset i teksten er knytt til balansen, eller mangel på balanse, mellom fagleg idealisme og politisk styring i utviklinga av skolefaget musikk i grunnskolen. Viktige tema er her innføringa av målstyring og ein nyliberalistisk utdanningsfilosofi. I dette kapittelet er teksten Narrativ I i hovudsak ei omsetjing til nynorsk av den engelskspråklege artikkelen ‘Once upon a time there was a minister: An unfinished story about reform in Norwegian arts education’ (Espeland, 1997).

I kapittel 2, Musikkfaget i norsk skole – historiske og fagdidaktiske perspektiv, undersøkjer og reflekterer vi over utviklinga og framveksten av musikk- og songopplæring i det norske samfunnet med vekt på grunnskolen – i tida frå latinskolen og fram til i dag. I analysen vår utgjer Frede V. Nielsens klassiske teori om ulike fagfokus i form av ulike ‘musikkfag’ eller ‘posisjonar’ ein viktig bakgrunn for analysen og drøftinga vår (Nielsen, 1998). Dette kapittelet er ei fornying og vidareutvikling av ein tidlegare publisert artikkel ‘Musikkfaget i grunnskolen - fra salmesang til musikkopplevelse som eksistensiell erfaring’ (Kalsnes, 2017).

I kapittel 3, Musikkfaget mellom kunst, pedagogikk og politikk, ser vi nærare på forholdet mellom musikk i grunnskolen og andre lærings- og formidlingsområde. Kapittelet har fire delar. I første del ser vi på politiske strategiar og satsingar lansert frå Storting, regjeringar og underliggjande organ for å styrke musikk og dei andre praktiske og estetiske faga.

I andre del drøftar vi utviklinga av kulturskolen i lys av problemstillingar knytt til samarbeid mellom grunnskole og kulturskole. I del 3 skriv vi om Den kulturelle skolesekken (DKS) og drøftar samarbeidsproblematikk mellom skolen og kultursektoren knytt til denne ordninga. I dette kapitelet får vi også eit blikk inn i dei indre politiske gemakkane gjennom Narrativ III, skriven av tidlegare seniorrådgivar i Kunnskapsdepartementet, Arnhild Hegtun, som var tett på dei politiske prosessane rundt oppstarten og den tidlege utviklinga av DKS. I den fjerde og avsluttande delen drøftar vi (Landslaget) Musikk i skolen og dei kunstpedagogiske organisasjonane sine roller som pådrivarar for dei estetiske faga. Narrativ IV i denne delen er henta frå ein tidlegare publisert artikkel: ‘«Den som i dag utdanner seg til musikklærer må samtidig skolere seg som fagpolitiker» – om profesjonsutøvelse i spennet mellom fag, pedagogikk og politikk’ (Kalsnes, 2021a).

I kapittel 4, Lærarutdanning og lærarkompetanse i musikkfaget, beskriv og drøftar vi ei rekkje ulike dilemma for lærarutdanning av musikklærarar. Slike dilemma er for eksempel forholdet mellom det obligatoriske og det valbare i grunnskolelærarutdanninga, og forholdet mellom ønskt musikkfagleg nivå og innrettinga mot bestemte yrkesfelt. Kapittelet tek også for seg spørsmålet om lærarkompetanse i musikk, og drøftar kompetanseutviklinga for musikkfaget i grunnskolen i lys av lærarutdanningsreformer og skolepolitikk. Narrativ V i dette kapittelet er henta frå ein tidlegare publisert artikkel: ‘«Den som i dag utdanner seg til musikklærer må samtidig skolere seg som fagpolitiker» – om profesjonsutøvelse i spennet mellom fag, pedagogikk og politikk’ (Kalsnes, 2021a).

I kapittel 5 Framtidsperspektiv - eit berekraftig musikkfag?drøftar vi synspunkt som har prega, og pregar, debattar om musikkfaget i Norge. Desse debattane blir drøfta i lys av det vi kallar to kritiske spor, fagintern kritikk og fagekstern kritikk. Teksten drøftar også i kva grad musikkfaget kan ha ei viktig rolle i framtidas skole i offentleg opplæring, og korleis dette faget kan forhalda seg til ei utvida forståing av kva som er berekraftig utvikling. Vi skisserer deretter seks drøftingsområde som er spesielt viktige...

Slutt på forhåndsvisningen

Dette er en smakebit av boken. Kjøp boken for å lese videre.

  • Les videre i hele boken
  • Still spørsmål og utforsk innholdet med KI-chat
  • Progresjonen din lagres på tvers av enheter